Siste nytt

Her holder vi deg oppdatert på det som skjer på Besso Turisthytte til enhver tid.

RSS

Spelemannshelg - Besso Turisthytte

Det er vår store gleda å kunne invitera til spelemannshelg på Besso, helga den 10-12. August 2018! No er det seks år sidan sist me hadde eit slikt arrangement og me ynskjer å beda dykk alle inn til mat, musikk, dans og fest!

Spelemannshelga på Besso har lange tradisjonar. Heilt tilbake til byrjinga i 1995 då Aud Laingen Hamre og Knut Hamre tok over som vertskap på Besso, og den fyrste spelemannshelga blei arrangert. Den gong blei medlemmar av Hardanger Spelemannslag inviterte og møtte mannsterke opp. Sidan 1995 og fram til sommaren 2012 blei spelemannshelga arrangert kvar sommar. Sidan Svein Laingen Kjerland no har gått inn i drifta på Besso som bestyrar, er det no eit stort ynskje om å få dette arrangementet igang att.

Årets utgåve av spelemannshelga vert halde i ånda frå 1995:
Hardanger Spelemannslag har 70års-jubileum i år og dette ynskjer me å feire. Dei har eit innhaldsrikt år med mykje forskjellig på programmet sitt utover sommaren og hausten.

 

Knut Hamre held konsert laurdagskvelden, etter at middagen er servert.

Medlemmar frå Hardanger Spelemannslag spelar til dans laurdag kveld, etter konserten.

Me vonar dette blir ei kjekk helg der musikarar, musikklyarar, dansarar, fjellfolk og andre tek turen og får eit flott opphald.

Opphald kan ein tinga på post@besso.no og ta elles gjerne kontakt om det er noko ein lurar på.

Det er ofte mange som bur i telt/lavvo og det er store og gode områder rundt hytta ein kan nytte til dette.

Meir informasjon og oppdateringar vil bli lagde ut her.

Velkomne til fjells!


Siste poster


Tags


    Arkiv